09.06.2009

Eg er nøgd med livet. Eg er ferdig med eksamen, og dei har med eit unntak gått overaskande bra. Trur egentlig ikkje eg kunne forventa meir uansett, så eg orkar ikkje tenkje meir på det. "Eg burde, eg skulle, hadde eg berre.." Det hjelp ikkje. Alt er levert, alt er unnagjort, og eg har ferie. Frå studiet, vel og merke. Ein kjem ikkje utanom sumarjobbing når ein er student, og eg byrjar no på onsdag.. Nesten ei veke ferie i fyrste omgang, det er ikkje verst det! Eg skal ikkje klage, eg skal jobbe i 2,5 veker no før eg flyg til Italia i 10 dagar. Det vert bra det! Eg gler meg så mykje at eg ligg om natta og drøymer om pakking av koffert. Trur eg snart har full oversikt over kva kjolar eg skal ha med , det er jo det viktigaste! Kjolar, sko og bikiniar. Då får eg ein fin ferie! Bør vel kanskje ta med meg pass og.. Berre slek i tilfelle.

Eg er forresten ikkje frå Vestlandet. Men eg elskar nynorsk, eg tykkjer det er eit fantastisk skriftspråk og eit av mine mål framover er å verkeleg beherske det. Av den grunn oppretta eg denne bloggen for å øve meg. Freista.

24.05.2009

Eg les til eksamen for tida. Ein blogg er difur ikkje noko eg eigentlig har tid til. Eg tek meg tid alikevel.

life as we know it..

Still goes on.