17.04.2011

og ungdomskulen

Ungdomskulen var fin mot meg! Eg sprang rundt heile dagen, friminutt eksisterar berre for elevane og ikkje for lærerane - men det gjekk bra. Siste dag før påske gjorde sitt til at stemninga vart litt meir avslappa, og det var igrunn ålreit. Deilig å ikkje måtte vere streng - og  konsekvent , slik ein må vere når ein skal ha klassa over meir tid enn 2 timar siste fredag før påske. I symjinga sleit eg dei heilt ut, også vert ein jo alltid populær når ein kjem inn i klasserommet med ein film. "Skal vi sjå film?? HURRA!"

Fotball gjer og suksess. Eg fekk høyre at eg ikkje hadde peiling som heia på Arsenal, men iom det kom frå ein Liverpoolsupporter på 13 år så.. (Forresten tydeleg at borna til 70-generasjonen er i ungdomskulealder no. Desse har garantert fått interessa frå far sin, og det er bra! Liverpool er ikkje nokon trussel.. (no håpar eg at morgondagen vil gje meg rett)

Til sjuande og sist har eg funne ut at det er berre å halde fram med nynorsk-øving , det vert visst master på meg. Ungdomskuleelevar er verdas fineste , men eg orkar ikkje å ha dagar på jobb som ikkje består av anna enn å springe hit og dit. Eg hadde ikkje eingong tid til å fylle basisbehova mine - 11.20 var eg både tissetrengt og utsvolta.  Det er ein kvardag eg ikkje ser for meg at eg held lenge ut i. Så dessverre ungdomskulen - den dagen de fjernar inspeksjon, matvakt og fysak frå læraren sine oppgåver kjem eg springande - inntil videre siktar eg meg pent inn på videregåande skule.

1 kommentar:

  1. Syns det virker så ufattelig slitsomt å være ungdomsskole lærer, der er jo alle liksom lei, men på VGS føler jeg folk er mer motivert, ettersom det er en linje de har valgt selv, så skjønner deg godt!

    SvarSlett