17.04.2011

og ungdomskulen

Ungdomskulen var fin mot meg! Eg sprang rundt heile dagen, friminutt eksisterar berre for elevane og ikkje for lærerane - men det gjekk bra. Siste dag før påske gjorde sitt til at stemninga vart litt meir avslappa, og det var igrunn ålreit. Deilig å ikkje måtte vere streng - og  konsekvent , slik ein må vere når ein skal ha klassa over meir tid enn 2 timar siste fredag før påske. I symjinga sleit eg dei heilt ut, også vert ein jo alltid populær når ein kjem inn i klasserommet med ein film. "Skal vi sjå film?? HURRA!"

Fotball gjer og suksess. Eg fekk høyre at eg ikkje hadde peiling som heia på Arsenal, men iom det kom frå ein Liverpoolsupporter på 13 år så.. (Forresten tydeleg at borna til 70-generasjonen er i ungdomskulealder no. Desse har garantert fått interessa frå far sin, og det er bra! Liverpool er ikkje nokon trussel.. (no håpar eg at morgondagen vil gje meg rett)

Til sjuande og sist har eg funne ut at det er berre å halde fram med nynorsk-øving , det vert visst master på meg. Ungdomskuleelevar er verdas fineste , men eg orkar ikkje å ha dagar på jobb som ikkje består av anna enn å springe hit og dit. Eg hadde ikkje eingong tid til å fylle basisbehova mine - 11.20 var eg både tissetrengt og utsvolta.  Det er ein kvardag eg ikkje ser for meg at eg held lenge ut i. Så dessverre ungdomskulen - den dagen de fjernar inspeksjon, matvakt og fysak frå læraren sine oppgåver kjem eg springande - inntil videre siktar eg meg pent inn på videregåande skule.

13.04.2011

meir enn eit ord

Dette er ein fin song! Ei medstudine har og brukt den med stor suksess i ei utfordrande norskklasse.(Ein av elevane sa følgande: "Songen er teit, men teksten er bra")

notting

Skal vere mamma for ein dag på fredag. Det vil seie, eg overtek jobben hennar for dagen. Symjing og engelsk med små søte 8klassingar. Trur det vert bra med ein dag attende i ungdomskulen etter å ha fått smaken på videregåande skule, har dei siste vekene tatt meg i å tenke "Korleis orkar nokon å jobbe i ungdomskulen?". Eg veit jo egentlig kvifor. Det er jo på grunn av elevane. Same grunn som at nokon orkar å jobbe i videregåande, i og for seg. Uansett, eg trur det vert bra. I engelsken skal vi sjå film. Om London. Notting Hill er førebels den som er peika ut som alternativ, men dersom nokon har forslag til andre gode filmar om London - skrik ut!

Ikkje for det, Notting Hill er fin den. Eg held ein knapp på Love Actually som all-time-favoritt Londonfilm, men eg vil tru at dei fleste elevane såg den i jula. Dei var knapt fødde når Notting Hill kom ut, så sjangsane for at dei har sett den før er mindre... (Litt googling viste meg at dei var 2 år gamle når Notting Hill kom ut. Dei er så små!)

Apropos googling, wikipedia har ei eigen side om "filmar innspelt i London". Om Notting Hill og fleire i same sjanger (Blant anna før nemnde Love Actually) står det:
        " This is at least partly due to the television and film writer Richard Curtis, who has written some of the most successful British films of recent years — The Tall Guy (1989), Four Weddings and a Funeral (1994), Notting Hill (1999) and Love Actually (2003), all set or partly set in the city. The films follow the awkward love lives of largely upper-middle class characters (aside from The Tall Guy, always including one played by Hugh Grant)." (wikipedia)


Eg har forresten søkt master. Eg ser for meg at eg må skrive masteroppgåva mi på nynorsk. Eg må øve meg. Mykje!  
bilete: weheartit