17.06.2011

Tida flyr, gitt. 2 måneder sidan forrige innlegg. Til mitt forsvar har eg hatt eksamensperiode. Noko som tek skremmande mykje tid, og har gjort at all motivasjon for vidare studier har forsvunne. Diverre har eg ikkje noke valg, så då eg fekk tilbod om studieplass på master sa eg ja. Eg har søkt på det som er av jobbar, men dei vil ikkje ha meg før om to år. Jaja. 

Eg har tjuvstarta litt på jobbinga då. Har hatt ei klasse i norsk sidan påske. Det har vore HEILT topp. Eg er mildt frelst, og har supermotivasjon for å fortsette som lærar med ein gong. Men det hjelp lite, når videregåande er målet. No skal eg slutte å syte, beklager. 

Og ja. Eg har ferie no. Kan hende betyr det meir blogging, kan hende betyr det enda mindre. (Om det er mogleg). Vi får sjå :)