30.08.2011

Eg er attende! Og eg er lukkeleg :) Skreiv før sumaren at eg skulle på master, sidan eg ikkje fekk meg jobb- no har eg fått meg jobb! Masteren er utsatt på ubestemt tid, og eg skal jobbe i eit år nå i fyrste omgang. Og det er så vanvittig KJEKT! Eg har nok å gjere og nok å ta tak i, med totalt 8 klassar - men når dei 8 klassene er fylt med fantastiske herlige elevar så vert livet veldig mykje enklare.